Takras i EU-parlamentet

14 08 2008

Den 12. August falt litt av taket i EU-parlamentet sin plenumssal i Strasbourg ned. Er dette eit hint frå oven?

Sjå video (på fransk)

Les artikkel på EUobserver.com

Litt fakta om EU-parlamentet:

  • Valdeltakinga har gått ned i kvart einaste val, og var 45% i sist val.
  • Parlamentet har møter både i Strasbourg og Brussel, og ein gong i månaden flyttar heile ”sirkuset” på seg, til ein ekstrakostnad på 200 millionar €uro
  • Sers få EU-borgarar veit kven som representerer deira region i EU-parlamentet.




Ny folkerøysting i Irland?

27 07 2008

Eit av høgdepunkta på Ungdom mot EU sin sommarleir i år var innleiinga til vår irske gjest frå Peoples Movement på Irland. Den raudhåra og fregnefullte iren var ikkje i tvil om at det kom til å komma ei ny irsk folkerøysting om Lisboatraktaten, og sa at førebuingane til nei-sida allereie var i gang.

Den hyperaktive franske president Sarkozy vil og ha ein ny folkerøysting. I Irland vel og merka. I Frankrike, som stemte nei til EU-grunnloven i 2005, vil han ikkje ha ny folkeavstemning om Lisboatraktaten, som i praksis inneheld over 90% av EU-grunnloven. Den blir ratifisert i det franske parlamentet, utan å spør folket. Kanskje den franske presidenten burde vera litt mindre oppteken av irske folkerøystingar og litt meir oppteken av å lytta til sitt eige folk.

No viser ei ny måling at 3 av 4 irar ikkje vil ha ei ny folkerøysting. Det er strengt tatt ikkje overraskande, fordi ei ny folkerøysting vil vera eit klart signal om at folket stemte feil sist gong, og må stemma på ny og på ny heilt til dei stemmer “rett”. Sånn funkar altså EU-”demokratiet”.





Merkeleg svarinnlegg

10 07 2008

No så hjelpelaust har eg ikkje sett sidan sist eg såg ein kalv som skulle prøva å gå. Og det er ganske lenge sidan. Ti poeng til den som greier å forklara kva bodskapen i dette “svar”-innlegget frå Europarørsla i Aftenposten er?





Eit lite steg rett veg?

8 07 2008

G8, med EU-flaget i bakgrunnenG8-møtet i Japan skal ha blitt samde om å kutta utsleppa med 50% innan 2050. Dette er i og for seg gledeleg, men det er aldri nokon garanti for at handling fyljer ord. Kor mykje ekstra bistand kom det til dømes eigentleg som eit resultat av Gleneagels-toppmøtet for nokre år sidan? Lite.

Eit døme på at relativt høge ambisjonar slett ikkje alltid er nok ser ein i EU sin klimapolitikk. Sjølv om EU tok på seg å kutta utsleppa med 8% i fylje Kyotoavtalen slit unionen med å oppfylla dette. Mellom anna har utsleppa frå transportsektoren auka med 25% dei siste åra, på grunn av EU sin vekst og frihandelspolitikk.

Norsk klimapolitikk er heller ingenting å skryta av. Me ser så langt ikkje ut til å greia å oppfylla Kyotoavtalen ein gong. Dette skal me ”løysa” ved å kjøpa kvoter i utlandet, utan garanti for om det har nokon effekt. Likevel meiner eg at klimapolitikk ikkje er noko argument for å gå inn i EU, blant anna fordi

a) Utanfor EU har Noreg laga det strengaste utsleppskvotesystemet i Europa. Det er framleis ikkje strengt nok, men det at NHO klagar det inn til ESA må vel vera eit teikn på at næringslivet opplever det som strengare enn EU sitt.

b) Utanfor EU kan Noreg spela ein aktiv rolle og ha ei sjølvstendig stemme i dei globale klimaforhandlingane. Som EU-medlem måtte me ha fulgt EU sin felles politikk, noko som ville gjort det vanskelegare å vore brubyggar og å komma med progressive framlegg.

c) EU sitt grunnprinsipp er fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft over grensene. Frihandel forureinar, og utsleppa frå transportsektoren aukar stadig. Som om ikkje det var nok ser det ut til at EU-pengar er med på å gjenta dei feila me i Vest-Europa har gjort i Aust-Europa.

Eg trur mange er opptekne av klimaendringane, og at berre ein ( om enn høglytt) minoritet fornektar dei. Sjølv om eg meiner at mykje av klimapolitikken som blir førd er altofr tafatt, trur eg det er muleg å løysa problema. Men det krev sterk politisk vilje, og det krev folkeleg oppslutnad. Kva kan så du gjera for å bremse klimaendringane?

  • 1. Bli medlem i Natur og Ungdom (eller Naturvernforbundet om du er over 25 år)
  • 2. Tenk på klima når du stemmer ved valet i 2009, stem på det partiet du meiner er mest miljøvenleg
  • 3. Når du kan: Sykla i staden for å køyra, ta tog i staden for å fly




Datalagringsdirektivet kan stoppast

4 07 2008

Ein kan seia mykje om Europarørsla, men dei har i kvart fall frekkheitens nådegåve. I Aftenposten 3. juli påstår dei at Noreg, fordi me ikkje er med i EU, ikkje kan påverka kor streng overvaking som skal praktiserast her i landet.

EU sitt datalagringsdirektiv vil pålegga alle teleoperatørar å lagra informasjon om kven du ringer, kor du er når du ringer dei og kor lenge samtalen varer. Det same gjeld for SMS og epost. Datatilsynet har ropt varsko mot dette.

Det er slett ikkje sikkert at Datalagringsdirektivet er ein del av EØS-avtalen. Berre 17% av EU sine vedtak er ein del av EØS. Det går no føre seg ei sak i EF-domstolen som skal avgjera om direktivet er ein del av EU si marknadslovgjeving (og EØS-relevant) eller justislovgjeving (og ikkje EØS-relevant). Som EU-medlem måtte me ha innført direktivet. Som ikkje-EU-medlem kan det godt henda me slepp å ta stilling til det.

I tillegg har me vetoretten i EØS-avtalen. Om eit fleirtal på Tinget verkeleg vil, kan dei legga ned veto. Det vil ikkje føra til at EØS går i oppløysing. Til no har V, FRP, SP og SV gått inn for veto mot datalagringsdirektivet. Det er ikkje mange stemmane som manglar før det er fleirtal, og KrF har slett ikkje avvist å bruka vetoretten.

Sidan me ikkje er med i EU avgjer det norske Stortinget om datalagringsdirektivet skal gjennomførast eller ikkje. Om Europarørsla hadde fått viljen sin, og me var innlemma i unionen, måtte me ha innført direktivet uansett.

Du kan bidra til å stoppa direktivet!

Skriv under på opprop

Epostkampanje

Om du er med i eit politisk parti kan du ta det opp der





Forsk, Forsk

2 07 2008

Dette er neppe ein humanistEit av høgdepunkta i Hallo i Uken-sendingane er forskarane Forskar 1 og Forskar 2, som alltid finn ut noko nytt og nyttig. Du skal ikkje ha gått lenge på Blindren for å oppdaga at det mest ikkje er grenser for kva det går an å forska på.

Og no har til og med Line Esborg teke dokotograd på kulturen sin rolle i den norske nei-rørsla. ”Det norske nei til EU. En studie av motstand som kulturell praksis” er tittelen.

Avhandlinga, som blei lagt fram i februar 2008 tek i liten grad for seg den politiske debatten for og mot EU i 1994, men fokuserer stort sett på dei kulturelle verkemidla som neisida brukte.

Ein hovudtese er at debatten ikkje handla om EU (eller Europa, som det tidvis blir kalla i oppgåva), men om Noreg. I og for seg er det ikkje oppsiktsvekkande. Det spørsmålet folk skulle ta stilling til var jo om Noreg skulle gå inn i EU. Då er det eit viktig spørsmål korleis EU-medlemskap ville påverka landet me bur i, Noreg.

Om ein utan serleg kjennskap til den norske EU-debatten les denne avhandlinga, kan ein få inntrykk av at neifolk primært var nostalgiske, og at ein let kjenslene, ikkje fornufta avgjera. Sånn var det sjølvsagt ikkje. Men det er naturleg at ei oppgåve som handlar om kulturen si rolle primært fokuserer på dette, og ikkje på alle mulege andre verkemiddel.


Esborg jobbar innan faget kulturhistorie. Du treng slett ikkje vera nokon fagfelle for å ha utbytte av å lesa avhandlinga. Nokre avsnitt her og der var prega av mykje framandord og vitskapsteoretiske synsmåtar. Eg forstod ikkje alt dette, men kunne fint lesa vidare på neste avsnitt utan å mista samanhengen. Litt framandord får ein tåla når det trass alt er ei doktorgradavhandling.

Noko av det mest engasjerande med teksten er dei mange intervjua forskaren har gjort med ulike aktørar i Nei til EU. Ho har intervjua nokre sentrale strategar på Oslo-kontoret, men òg lokallagsstyremedlemmar og grasrotaktivistar frå ulike regionar. Dei har mykje interessant å seia med, og me som kjempar EU-kampen i dag har mykje å læra av dei.

I tillegg får me eit fint innblikk i plakatar og løpesetlar som blei brukt. Me får lesa om korleis kjerneargumentasjonen blei utvikla, og korleis neisida sin eigenrepresentasjon og identitet var.

Eg vil rå alle som er over gjennomsnittet opptekne av EU-debatten til å lesa denne doktorgradsavhandlinga. Er me heldige kjem ho ut på nytt i ein form som er noko meir populærvitskapleg, og som kan lesast av endå fleire.

Klassekampen har laga ei reportasje om boka.





EU, snus og tobakk

2 07 2008

I dag kan me lesa i avisa at snus er sunnare enn røyk.

Då er det kanskje litt paradoksalt at snus er forbode i EU (berre Sverige har fått unnatak). Samstundes bruker EU 1 milliard euro kvart år på å subsidiera tobakksdyrking. Dette er 15 gonger så mykje som dei bruker på å støtta anti-røykekampanjar.

Sjølv trur eg nok det er best å halda seg unna både snus og tobakk. Akkurat på same måten som korkje tuberkulose eller AIDS er noko å trakta etter, sjølv om det eine er mindre farleg enn det andre.





Den gode tvillingen?

1 07 2008

Dette er ein av tvillinganeDen polske presidenten seier at han ikkje vil ratifisera Lisboatraktaten. Dermed står ikkje Irland aleine lengre. Den tsjekkiske presidenten, den gamle frigjeringshelten Vaclav Klaus, er òg ein uttalt skeptikar av Lisboatraktaten, og meiner at traktaten ikkje bør ratifiserast.

Ein kan kanskje stilla spørsmål ved kor legitimt det er at presidentar har makt til å blokkera ein traktat som parlamenta i landa deira er tilhengarar av. Samstundes er det sånn dei nasjonale grunnlovane er. Det er ingen tvil om at presidentane om dei vil har fullmakt til åikkje signera grunnloven. Den polske presidenten er like folkevald som parlamentarikarane.

Det store demokrati-sviket i denne saka er at innbyggarane ikkje får seia si meining om saka. Om eit par president-veto kan føra til fleire folkerøystingar om saka, er det absolutt verdt det.

 

 





Agurker og anna landbruk

30 06 2008

Agurkar og anna landbrukI drivhusa rundt om i landet starta agurksesongen for ganske lenge sidan. I dei mest moderne drivhusa dyrkar dei vel snart agurkar sjølv om det er vinter. Heile året kan altså bli agurksesong.

 Gro er oppteken av agurker

Den kjensla har ein ofte når ein les VG eller Dagbladet òg. Likevel er det noko spesielt med andre halvdel av juni, heile juli og fyrste halvdel av august. Framsidene er ekstra useriøse, og sett i endå mindre grad enn vanleg problem under debatt. No kan ein kanskje hevda at det er eit problem at Unge Høgre har ein useriøs leiar, men det er vel snarare tilbake til normalen der i garden.

 

No har eg hatt ei fin veke heime i Rogaland, med fisking, hyttetur og avslapning. Det var til og med gløtt av sol innimellom skyene. Når eg skriv dette sitt eg på Sørlandsbanen. Ut vindauget ser eg eit skiftande landskap med småbyar, beitemarker, åkrar, skog og knausar. Kvar gong eg tek toget på denne strekningar tenker eg på kor viktig det er å ta vare på det norske landbruket.

 

Sånn eg ser det er den tredje viktigaste grunnen til at det er viktig å ta vare på landbruket kulturlandskap-argumentet. Utsikten på togturen frå Stavanger til Oslo hadde vore mykje styggare om det ikkje var for den enorme arbeidsinnsatsen som norske bønder legg for dagen. Sjølv for urbane byfolk, som er glad i fransk ostar og sånt, må det vel vera kjekt å sjå at landet blir teke i bruk, og ikkje gror att? Men dette er sjølvsagt ikkje det beste argumentet for jordbruk.

 

Den viktigaste grunnen til at det er verdt å bruka offentlege pengar på å subsidiera landbruket, er sjølvsagt at me bør (innanfor grensene av bærekraftig bruk av naturen) produsera mest muleg mat her i landet, sånn at me ikkje bidreg endå meir til den globale knappheiten på mat. Skal verda brødfø ein stadig veksande, og stadig rikare, folkesetnad, kan me ikkje starta med å legga ned god, produktiv jord i Noreg. Kortreist mat er dessutan som oftast (ikkje alltid) mest miljøvenleg.

 

Den nest viktigaste grunnen er sysselsettingseffekten landbruket trass alt framleis har. Sjølv om det er ein liten del av økonomien totalt sett (kring 60 000 arbeidsplassar) er det viktig i mange distriktskommunar. Dessutan må ein ikkje gløyma alle arbeidsplassane som fyljer i tilknytta næringar, som meieri og slakteri.

 

I norsk landsbruksdebatt finst dei ein litt pussig allianse av marknadsliberalistar med base i DN og ”globalvenstre”  med base i Ny Tid og Morgenbladet som hevdar at norsk bønder i praksis tek livet av afrikanske bønder, og at det er umoralsk å ta vare på landbruket i Noreg. Dei tek til orde for å fjerna all toll på landbruskprodukt, og slutta med subsidiane. Då ser dei vekk frå at dei mest konkurransedyktige på verdsmarknaden stort sett er basert i EU-land, eller i visse andre land med eit høgt utvikla industrilandbruk.

 

Sjølv om det å fjerna all toll på landbruksprodukt stort sett ville ha gagna industrilandbruksproduksjon i EU, USA og kanskje Brasil / Argentina er det absolutt verdt å sjå på korleis toll-systemet kan brukast til å favorisera dei fattige landa. Til dømes kan ein velja å inkludera fleire land i null-toll-ordninga som i dag omfattar dei 49 fattigaste landa i verda. 49 er ikkje noko magisk tal som me har fått skreve ned på steintavler frå ein gamaltestamentleg gud. Kanskje det burde vore 75, eller kanskje 100? Det er eit utviklingspolitisk vegval, og kva ein veljer kjem an på i kva grad ein trur på nedsivings / tricke down – teoriane som seier at dei eksportinntektene plantasjane kan generera vil komma heile samfunnet i sør til gode eller ikkje. Uansett har vel aldri nokon sinne eit landt blitt rike på å eksportera mat, men alle monnar drar, heiter det.

 

Som eit sjølvstendig land, utanfor EU, kan Noreg sjølve velja kor mange land som skal få selja varer utan toll til Noreg. Som EU-medlem måtte me ha fulgt EU sine felles tollmurar. Endå eit døme på at Noreg har større utanrikspolitisk handlefridom utanfor unionen. Så er det opp til våre folkevalde korleis dei veljer å bruka han.

 

 

 





Det irske problemet?

23 06 2008

Dei 26 irske fylka som stemte over LisboatraktatenI desse dagar har eg ferie, og hadde tenkt å ikkje gjera noko nytte for meg over lengre tid. Men sidan korkje halsen min eller Rogalands-veret tillett serleg mykje anna aktivitet, og sidan det ikkje er nokon grenser for kor mykje tull norsk media kan få seg til å skriva om desse håplause irane som stemte nei, har eg avbrote ferien for å skriva dette innlegget. (Som altså er sendt til Morgenbladet) 

Det irske problemet?

 

I Morgenbladet 20. juni skriv Bente Kalsnes om ”Det irske problemet”. Irane har nemleg stemt feil, dei har stemt nei til EU sin Lisboatraktat.

 

Eg kan ikkje unngå å bli oppgitt over overskrifta ”Det irske problemet”. Vinklinga blir at det er noko gale med irane, at dei manglar kunnskap eller at dei er redde for å mista noko. Eg meiner at resultatet av folkerøystinga fyrst og fremst viser at det er problem med EU, at det å flytta så mykje makt så langt vekk frå folk ikkje er noko god løysing. Når folk blir spurt om det er greitt å overlata endå meir makt til Brussel, har dei ein tendens til å stemma nei.  Feilen ligg i Lisboatraktaten, ikkje hjå dei som stemte nei til han.

 

I artikkelen gjer Kalsnes eit poeng ut av at (berre?) 0,2% av EU sine innbyggarar stemte nei til traktaten. Det ho ikkje nemner er at folk i alle andre land har ynskja seg ei folkerøysting om denne traktaten, men blitt nekta det av politikarane. Dessutan stemte nederlendarane og franskmennene nei til EU-grunnloven, som stort sett inneheld det same som Lisboatraktaten. 18 land har ratifisert Lisboa, men (berre!) i sine nasjonale parlament. Kva resultatet hadde blitt om det hadde blitt halde folkerøysting i fleire land er vanskeleg å seia. Men Nicolas Sarkozy har i kvart fall sagt at ”Det hadde ikkje blitt nokon Lisboatraktat om me hadde folkerøysting om det i Frankrike”. Og det er vel liten tvil om kva engelskmennene hadde stemt…

 

Norsk media har ein tendens til å forklara det irske nei-et med motstand mot abort og homofile ekteskap. Dette er tull og tøys. Eg var ei veke i Dublin rundt avrøystinga, òg såg ikkje ein einaste plakat om abort. Derimot såg eg mange plakatar om korleis Lisboatraktaten kunne truga arbeidarrettane, svekka irsk nøytralitet eller overføra meir makt til Brussel. Ikkje ein gong EU sine eigne målingar viser at abort var noko dominerande tema.

 

72% av studentane stemte nei, mot berre 45% av pensjonistane, syner tal frå Eurobarometer. Hadde tesa om dei reaksjonære, kunnskapsause nei-folka stemt, er det jammen litt av nokon studentar dei har på den grøne øya. Og litt av nokon pensjonistar.

Artikkelen det kommenterer er diverre ikkje open tilgjengeleg for alle på nett, men om du er i nærleiken ava paiprutgåven finn du han på side 14, 20. juni. Stort sett har eg sansen for artiklane til Kalsnes, men denne gongen synst eg ho for ein gongs skyld flyt med hovudstraumen frå Brussel innan norsk media.